Dagsnytt 11. desember 1993 - The Julekalender
Posted by kentis den desember 11, 2007
Opningsseremonien under ski-VM i Trondheim er i all hovedsak klar. Det heile tek til med allsong. Så vil 3000 statistar frå Bergen rulle ned overrennet i hoppbakken for å symbolisere sann idrettsglede, og lande i ei mølje nede på sletta for å symbolisere samhald.
|
Deretter vil Trondheimsfjorden brått bli islagt for å symbolisere de destruktive kreftene i oss, før 96 trønderar utkledde som vikingar kjem opp frå hol i bakken for å dele ut klistremerke med “I love Trondheim” på.
«Det vil bli ei fin og minnerik markering,» seier VM-komiteen. «Og det skal ikkje stå på pengar.»
Showgruppa Travellin’ Strawberries, som var spurt om å opptre under opningsseremonien, har takka nei sidan dei er opptekne med The Julekalender.
Som erstatning for dei er det leigd inn eit 800 mann stort symfoniorkester for å akkompanere allsongen. Den norske ambassaden i Stockholm opplyser at opningsseremonien vil bli teksta på svensk.
Postet i Blogg | Ingen kommentarer »