Dagsnytt 6. desember 1993- The Julekalender
Posted by kentis den desember 6, 2007

Sentrale næringslivsfolk i Oslo vil gjere alt for å få flytta VM på ski i 1997 til hovudstaden. VM er ei nasjonal oppgåve og da er det mest naturleg å la arrangementet gå i Oslo og ikkje ute i provinsen. Dessutan er det for dårlig vêr i Trondheim, heitar det.
I Trondheim svarar VM-komiteen at dei som kjem med slike framlegg må ha fått Holmenkoll-skodda på hjernen. Dessutan kunne det kanskje ha vore på tide å flytte hovudstaden attende der den høyrer heime, seier dei. Og vêret skal ikkje bli noko problem. Det er planar om å byggje ein tre kilometer høg levegg langs heile Trøndelagskysten. Det vil koste berre hundre milliarder meir enn å leggje glastak over heile byen. Sidan dette er den dyraste og minst praktiske løysinga, går heile bystyret inn for dette. «Det skal ikkje stå på pengar - vi tar det inn på bomringen,» heitar det.
For å hjelpe eit sportsleg hardt pressa broderfolk, vil Noregs Skiforbund foreslå at i langrenn skal svenskane få gå på idealtid. Svenskane har protestert. Dei vil ikkje bli tvinga til å gå fortare enn dei andre.
Vêret
Det kraftige uvêret vil halde fram, og vinden vil nå opp i orkanbygar i kasta. Regn og torden. Vinden vil minke noko utover natta og i morgontimane, men vil seinare dreie nordvestleg og auke på att. Temperaturen vil halde seg låg.
Postet i Blogg | Ingen kommentarer »